Om Helsenorge

Korleis går du fram:

Logg inn på https://helsenorge.no/fastlege, krev bankid/ buypass.
Kryss av for samtykke til bruk av dialog med fastlege.

Svar/ varsling frå legekontoret skjer ved SMS, dette er kostnadsfritt for pasientane.

Heiane legesenter har opna for desse tenestene via Helsenorge.no:

-Bestill time: Du kan be om ringetime, videokonsultasjon, konsultasjon med oppmøte,  men  du kan ikkje booke direkte i timeboka.

Forny resept:  Gjeld kun faste medisiner

– E-konsultasjon:  Det kan ta 5 virkedager (lørdag og søndag er ikkje ein virkedag) før ein får svar på E-konsultasjon. E-konsultasjon koster det samme som ein legetime. Ein kan ikkje sende e-konsultasjon til turnuslege. Ved ferieavvikling blir e-konsultasjon.

Kontakt legekontoret: Kun enkle spørsmål til resepsjonen

Grunna krav om sikker innlogging har Heiane legesenter opna for digital kontakt via helseportalen Helsenorge.no. Dette er ein offentleg helseportal for alle, som gjev pasientar og innbyggjarar ein portal med kvalitetsikra helseinformasjon og digitale tenester samla på ein stad.

All informasjonsutveksling vert dokumentert.

Lege/ Helsepersonell kan senda deg helseinformasjon digitalt frå sitt pasientjournalsystem.
Dersom du treng hjelp til å ta tenestene i bruk, snakk med oss eller ring brukerstøtte hos 800HELSE på tlf. 800 43 573.